top of page
Search

JUGENDSTILSENTERET & KUBE

VESTLANDSUTSTILLINGEN 2023



The film “All Ends with a Beginning” (Karl Ingar Røys 2023) takes its point of departure in Bangkok's urban space, presented as a scene that is constantly cut off from its final act. Monuments that refer to a democratic past are seen as a threat to the country's identity and are quietly removed. Thailand's Lèse-majesté law, which prohibits any insult to the monarchy, is among the strictest in the world. The law has been more rigidly enforced since the Thai military seized power in a coup in 2014 and many protesters have been punished with harsh prison sentences. Critics have consistently pointed out that the military-backed government uses the law to limit freedom of expression and the UN has repeatedly called on Thailand to change it. In 1949, the English writer George Orwell published the novel 1984, a future vision of a totalitarian society, where the regime uses propaganda and manipulation to achieve control. In the "Ministry of Truth", thousands work continuously to change statements and terms in newspapers, books and films that contradict the worldview of those in power. Events are subject to change. People in opposition disappear, not just physically. They are erased from society's collective memory. They have never existed either in text or image. Those in power have recognized that: “He who controls the past controls the future. He who controls the present controls the past.” "All Ends with a Beginning" is an art project about freedom of expression, forbidden words and thoughts in the city of Bangkok, where writers such as Orwell have inspired and put words to a cultural manifestation of activism. Language is an important tool used by activists in all countries. In countries where the people are oppressed, the need for coded language becomes more important - precisely because direct criticism of the governing powers has serious consequences. In the novel 1984, Orwell depicts a dystopia where powerful rulers use language to manipulate and control public opinion without their knowledge. Orwell's novel accurately depicts how language changes in oppressive environments. Activists in totalitarian regimes must learn to communicate using euphemisms and coded metaphors to get their message across while avoiding reprisals from the authorities. By creating new symbols and phrases, activists can help create a common understanding among citizens of what they are fighting for. This common understanding helps to unite people and build solidarity. In a political landscape where even non-violent demonstrations are banned, activists must think differently to avoid strict government censorship. The activists' creative response is to reformulate everyday actions into explicit expressions of an underlying frustration. A seemingly innocent performative gesture is anchored in a political conceptual idea - to confuse the Junta's "truth police". The performative mobilizations have been manifested in various ways such as noodle-eating gatherings, such as reading Orwell's 1984 in public places and through an extensive use of gestures and slogans from popular Hollywood films such as The Hunger Games. These actions have not only led to arrests and imprisonments, but also to global media attention. The film "All Ends with a Beginning" discusses and documents an architectural, spiritual, physical and political activation of an urban space where the different stories of different actors overlap and illuminate each other. "All Ends with a Beginning" is an art project about a disruption of the formative structure of a dominant narrative. Text by Karl Ingar Røys

All Ends with a Beginning has received support from Fritt Ord, Norsk Fotografisk Fond and Billedkunstnernes Vederlagsfond




Still from film




Vestlandsutstillingen arrangerer årleg ei utstilling med verk av kunstnarar som er tilknytta Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet.

Victor Guzman, Robert Carter, Karl Ingar Røys, Daniela Bergschneider, Grethe Unstad, Kristine Sandøy, Masoud Alireza, Klara Sofie Ludvigsen, Christopher Jonassen, Bent Erik Myrvoll, Vilde Salhus Røed , Eleonore Griveau, Marit Helen Akslen og Magnhild Opdøl.

Kunstmuseet KUBE 16.2.-19.3.2023

Haugesund billedgalleri 31.mars – 30.april

Kunsthuset Kabuso 13.mai – 11.juni

Kunstgarasjen 25.aug. – 24.sept.

Vestlandsutstillingen 2023

Når kunst blir til, er det i kraft av å vere ei djupt personleg grunnforsking i korleis kunstnaren ser og fortolkar verda og menneskelege erfaringar. Det er også her vi som åskodarar kan erfare kunsten, det er eit møte, ein observasjon og ein invitasjon til å sjå eller sanse gjennom kunstnaren si visuelle utsegn. Forslag og tesar vi i ulik grad kan kjenne oss att i. Nyansar og perspektiv som skaper ny meining eller utfordrar det vi kanskje tek for gitt. Slik kan ein sjå ein likskap mellom kunsten og grunnforskinga innafor andre fagfelt der den kulturelle grunngjevinga vert fundert i at ho gjev oss ny kunnskap om oss sjølve og omgjevnadene våre og slik bidreg til å utvikle kulturen og samfunnet vårt.


For å kunne leve i verda må vi på grunnleggande vis konstituere ho. Vi søkjer både etter tilhøyrsle og ikkje minst ei eller anna form for meining. I ei desakralisert verd er dette framleis eit sterkt ibuande behov hjå menneska. Det finns stader som skil seg kvalitativt frå andre. Ein heilag stad i det private univers er heimen. Å skape sitt eige sentrum i verda kan vere representert ved eit tv-program frå heimlandet, eller at vi tillegg tinga vi omgjev oss med verdi utover det som er den materielle verdien. Slik kan det som for andre står fram som verdilaust avfall vere meiningsberande for å byggje ein skanse mot tida si gang og det ugjestmilde omrommet. Ei materiell opphoping som etterkvart kan bli tolka som eit forfall. Menneske kan skape fellesskap og samhald gjennom å utvikle eigne hemmelege språk, ritual og symbolikkar når det vi trur på blir undertrykt og forfølgd av regime eller autoritetar.


Vi opplever verda gjennom sansane våre. Persepsjon er ein skapande og konstruktiv prosess, kor sanseinntrykk vert organisert og tillagt meining. Persepsjon inneber to trinn: at eit eller fleire sanseorgan vert stimulert, og at denne stimuleringa vert tolka og resulterer i ei oppleving. Dette siste trinnet avheng av våre eigne føresetnader og forventingar. Synssansen er for oss ofte den dominerande, men berøring, eller den haptiske sans, er også svært viktig for mennesket. Den gjev oss informasjon om overflater og konsistens men er og ein viktig komponent i ikkje-verbal kommunikasjon. Materiala i ein skulptur kan med sine taktile kvalitetar vekkje eit ynskje om røre ved arbeida, og med det oppstår eit rom som åskodaren må fylle med eigne erfaringar og førestellingsevne. Det vi går ut frå, og trur vi ser, blir utfordra når små nesten umerkelege fargenyansar blir viktige. Relasjonen mellom verket, rommet og åskodaren blir tydeleg når ein må reflektere over kva krefter som får ei balanserande form til å bevege seg utan direkte fysisk påverknad eller når papiret blir ei massiv form som rører seg tilsynelatande vektlaust i rommet.

Vi omgjev oss med visuelle fortolkingar av verda som i varierande grad representerer ei form for sanning. Fotografiet har historisk blitt sett på som ei avbilding av verda slik ho er. Fotografiet som representasjon, dokumentasjon og sanning blir utfordra når kunstnaren fysisk grip inn i framkallingsprosessen og klipper og skjer i negativa. Eller når det digitale kameraet blir øydelagt og dei nøye komponerte motiva kjem ut som abstrakte fargekart. Landskap som måleri eller som ei samling pigment utvunne frå same staden viser eit spenn i kva ei avbilding kan vere. Videoblikket til det som utgjev seg for å vere ein spurv kan vere fantasi, overvaking eller noko heilt anna.


Det historisk nye ved vårt samfunn i dag er at vi blir konfronterte med kunstig skapte, økologiske, atmosfæriske og teknologiske farar eller øydeleggingar som trugar omgjevnadane og landskap vi er knytt til . Solastalgi er eit omgrep som skildrar den psykiske og eksistensielle uroa som vi kan oppleve i høve til naturøydelegging, forureining eller klimakrise. Ei heimlengt ein kan kjenne på sjølv om ein er heime. Ei oppleving av risiko som kan opplevast som abstrakt og trugande. Metallskulpturar som byrjar å riste når vi og pusten vår nærmar oss, slik at dei skjøre keramikkarka smuldrar opp, gjev oss eit meir direkte bilete på denne uroa . Eit permafrostkrater framstilt av bitar av blendingsgardiner viser ei brutal men stille krise, ei oppløysing og øydelegging forårsaka av menneske. Medan vare teikningar av ugraset som gjenerobrar stader vi har forlate viser fram ei sorg men kanskje og eit håp. Eg oppmodar deg som åskodar til møte kunsten med deg sjølv, ditt blikk og dine eigne refleksjonar.


Velkomen inn!

Heidi Rødstøl, kurator



Comments


bottom of page